Årsmøte 2017
Årsmøte 2017 vart halde i kafeteriaen på Kulturhuset Skakke 1. februar. Leiar Dag Silde ønskte nær 70 medlemmer og andre interesserte velkomne. Eit interessant biletkåseri ved Karvel Strømme, om "Island, natur, kultur og soge". Sidan 1980 har han vore guide og reiseleiar for nordmenn til Island, med det målet å gjera nordmenn kjende med - og glade i - dette landet.
Arbeid i styret
Styret har hatt 5 styremøte, i tillegg til nokre samlingar i samband med arrangement og aktivitetar. Eit aktivt år med god oppslutning av både små og store. Sæbøtunet har stått sentralt, etter opprustninga som Sunnhordaland Museum har gjennomført. Mykje er gjort og litt gjenstår i hovudløa, i tillegg til omplassering og registrering av gjentstandar. SHM ønsker at innbyggjarane i Etne skal ta i bruk tunet og nytta det til opplæring og hyggelege arrangement. Skape liv til nytte gagn på bygdetunet med dei sju bygningane, som har stått likeins i generasjonar.
Utsendingar til årsmøtet i Hordalang Sogelag 4. - 5.mars på Os, var Jakob Eskeland og Aslaug Olden Mala. Jorunn Kambo var utsending frå Hordalang Sogelag.
Sogelaget har deltatt på Kulturnatt første helga i februrar, med kulturvandring "rundt sjøen" - som tidlegare år.
Ruteåkle laga og gitt som gåve av Øyvind og Kirsten Holm, er hengt opp på stova hos Frivillighetssentralen på Bustadskipinga. Mønsteret er etter eit gamalt åkle frå Gjerde i Etne (kjøpt frå Gjerde i 1910) - Bergen Museum.
Sogelaget har motteke gåve frå Kåre Haugen og familie; eit stort måleri frå Etnesjøen anno ca. 1900-talet. Jan Terje Rafdal lagar ramme til måleriet.
Sæbøtunet har stått i fokus dette året. Etter oppfordring frå Sunnhordaland Museum om å ta i bruk tunet til opplæing og aktivitetar, har sogelaget deltatt på to vellukka arrangement. Først ut var Jonsokfeiring 23. juni. Her tok ein opp ein eldre tradisjon med jonsok-brud og brudgom, børsta støv av den gamle kruna som Etne Husmorlag laga og brukte i mange år. Stor stas for "brudeparet" og alle frammøtte, som gjekk frå Meieriplassen og opp til tunet. Trass i regn og ruskever møtte det opp ca. 150 små og store. Offisiell gjenopning av nyrestaurert Etne Sæbøtun ved ordførar Siri Klokkerstuen. Eventyrstund med Johanne Øvstebø Tvedten og teaterleikar ved Mathias Høyland. Bygningsvernkonsulent Bjørn Arve Lunde fortalde om restureringa på tunet. Trekkspeltonar frå Etne trekkspelklubb laga stemning rundt bålet og tønnegrillen med pølser og pinnabrød.
Etnemarknaden gjekk dette året over tre dagar; fredag 11. august til søndag 13. august. Sogelaget hadde stand vis a vis Etne Kommune i Idrettshallen. Sogelaget selde årbøker, bygdabøker, biletbøker, Ingvar Moe si nyopptrykte bok m.m. Utstilling av gamle bilde og tilgang til mange bilde av god gamal årgang. Dette var svært populært, alltid kjekt å sjå om det er nokon ein kjenner. Svært god oppslutning på standen, trass i mindre publikum totalt på årets marknad. Sogelaget hadde konkurranse med ein gamal gjenstand og bilde med "kven er dette?" Kaffi og kaker fall i smak hos dei som var innom standen. Ståle Dyrvik vitja Etne og hadde møte med bygdeboknemda, om eventuelt vidare arbeid med bygdabøkene for Etne.
Busstur, med Knapphus buss tysdag 26. september, var eit svært vellukka arrangement. Turen gjekk til Hardanger med 52 personar om bord. Turen gjekk først til Alde Sider, Agatunet etterfølgd av lunsj på Utne Hotel og avslutta på Hardanger Folkemuseum på Utne. Ein fantastisk flott og glid tur var omdømet frå deltakarane.
Førjulsdag "Før og Nå" på Sæbøtunet 14. november. I samarbeid med Etne-speidarane, som stilte med kaffilars og pinnabrød, dramagruppa på Enge skule ved Elen Merete Hetleflåt Ramsvik og Torbjørn Reisa, med fullsett forteljarskut i to omganger. Litledalen lysstøyperi med "støyp ditt eige lys", hedlebakst med Endre og Tine Tjelmeland i eldhuset, gløgg, fletta julekorger med søstrene Heggen Mæland, var og stor stas, pluss fleire salsboder. Med musikk frå skulekorpset, vart det over all forventning ei oppleving med førsjuls-stemning - før og nå i tussmørkret, tende lykter rundt om på tunet gjorde sitt til at dei ca. 150 frammøtte fekk ei annleis førjuls-stemning frå "gamle dagar". Nokre var også utkledde i gamle klede. Sjølvsagt dukka fjosnissen opp - til stor glede og spenning for dei minste. Sjølv i 2017 er det interesse for å lære og sjå korleis folk levde, og kanskje ta opp igjen nokre av dei tradisjonane som vart brukte langt tilbake i tid. Noko av det kan vera nyttig i dag også, sjølv om utviklinga har vore stor. Kanskje den barnslige gleda og forventningane med førjulstida er noko ein absolutt kan ta seg tid til i 2017 også.
Årboka
Den 34. utgåva av årboka vart pakka og distribuerte til medlemmer og utsalsstader før jul.
Medlemskap og årbok kr. 225,-
Styret i Etne Sogelag 2017
- Aslaug Olden Mala Leiar
- Jakob Eskeland Nestleiar
- Anne-Britt Grindheim Skrivar
- Johannes Kambo Kasserar
- Ole Ragnar Gundegjerde Styremedlem
- Liv Tesdal Mjelde Vararepresentant
Anne-Britt Grindheim,
skrivar